Test av nødvarsel onsdag 21.05.2025 og 11.06.2025

Politiet testar Nødvarsel på mobil i heile Noreg. Samtidig testar Sivilforsvaret varslingsanlegga. 

Onsdag 11. juni og 21. mai kl. 12 testar politiet Nødvarsel på mobil i heile Noreg og på Svalbard. Samtidig testar Sivilforsvaret varslingsanlegga.

Du treng ikkje gjere noko – dette er berre ein test.

Teknisk test: Onsdag 21. mai kl. 12 blir det gjennomført ein teknisk test. Denne gjeld berre dei som har aktivert testnivå på telefonen.

For meir informasjon, sjå nodvarsel.no