Tenestestandard for helse- og omsorgstenester

Kommunestyret i Askvoll kommune har vedteke ein tenestestandard som skildrar kva innbyggjarane kan forvente av dei kommunale helse- og omsorgstenestene.

Målet med tenestandarden er å beskrive omfanget og kvaliteten på tenestene, slik at både brukarar, pårørande og tilsette har ei felles forståing av rettar, plikter og ansvar. 

Dokumentet gjev oversikt over kva tenester som blir tilbydde, kven som kan få dei, korleis ein søkjer, og kva ein kan forvente av oppfølging og kvalitet. 

Helse- og omsorgstenestene i Askvoll kommune er organisert etter LEON-prinsippet (Lågaste Effektive Omsorgsnivå). Dette inneber at tenestene skal bli ytte på det lågaste omsorgsnivået som er forsvarleg og tilpassa brukaren sitt behov.

Klikk her for å sjå dokumentet (PDF, 842 kB)