Takk for all hjelpa med kongebesøket!

Askvoll kommune vil sende ein stor takk til alle som bidrog til at kongebesøket vart så vellukka.

Tusen takk!

Ein Konge dag! Vêrgudane høyrde oss og leverte med opplett og god temperatur då Askvoll fekk det ærefulle besøket av Kongen 28. mai. Heile sentrum var fylt med flotte menneske, flagg, forventning og store smil då Kongen gjekk i land.

Dagen vart ei flott markering av fellesskap, engasjement og stoltheit. Askvoll viste seg frå si aller beste side, og det er takka vere alle dykk som bidrog.
Vi ønskjer å rette ei stor og hjarteleg takk til alle som stilte opp på dugnad, bidrog i planlegginga, pynta sentrum, gjorde området klart, deltok i programmet og sørgde for at dagen vart så vellykka som han vart. Takk til alle frivillige, tilsette, lag og organisasjonar, næringsliv og samarbeidspartnarar som har lagt ned både tid og innsats.

Og ikkje minst - takk til alle som møtte fram og fylte sentrum med liv, glede og ei fantastisk ramme rundt besøket.
Saman skapte vi ein folkefest verdig eit kongebesøk.

Dette er ein dag som vil bli ståande som eit fint minne i Askvoll si historie.
Tusen takk til kvar og ein av dykk!

 

Bilete frå kongebesøket

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete