Stortingsvalet 2025: Valdag

Valdagen for stortingsvalet 2025 er måndag 8. september. I Askvoll kommune er det val over to dagar, med ope for røysting også på søndag 7.september i Askvollhallen.

På valdagen må du røyste i den kommunen du er manntalsført i. Det vil seie der du var folkeregistrert som busett den 30.juni 2025. Du kan røyste i det røystelokale du ønskjer, uavhengig av kor i kommunen du bur.

Vallokale og opningstider:

Søndag 7. september:

Askvoll: Askvollhallen - kl. 15.00-19.00

Måndag 8. september:

Askvoll: Askvollhallen - kl 09.00-19.00

Atløy: Atløy kulturhus - kl. 13.00-18.00

Bulandet og Værlandet: Bulandet skule - kl. 13.00-18.00

Gjelsvik: Allaktivitetshuset på høgda - kl. 13.00-18.00

Holmedal: Holmedal Bygdehus - kl. 09.00-18.00

Stongfjorden: Stongfjorden grendahus - kl. 13.00-18.00

Hugs å ta med legitimasjon når du skal røyste!

Helene Norstrand
Rådgjevar
E-post
Telefon 57 73 07 11
Sarah Louise Loftheim
Arkiv- og sekretariatsleiar
HR
E-post
Telefon 57 73 07 06