Stortingsvalet 2025: Tidlegrøysting

Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen eller i den ordinære perioden for førehandsrøysting (11. august til 5. september) kan du frå 1. juli til og med 8. august kontakte Askvoll kommune for å avtale tid for å røyste.

Slik avtaler du tid for å røyste:

I Askvoll kommune kan du tidlegrøyste etter avtale på Askvoll rådhus kvardagar i perioden 1. juli til 8. august 2025.

For å avtale tidlegrøysting kan du ta kontakt med Askvoll kommune ved å ringe 57 73 07 00 (tasteval 1) eller sende e-post til postmottak@askvoll.kommune.no.

Anna informasjon om røysting:

Hugs legitimasjon når du skal røyste.

Før valdagen kan du røyste i kva som helst kommune i landet. På valdagen må du røyste i den kommunen du har registrert bustadadresse de 30. juni. Du kan berre røyste ein gong.

Meir informasjon om Stortingsvalet 2025 finn du på våre nettsider om valet