Stortingsvalet 2025: Førehandsrøysting

Ordinær førehandsrøysting til stortingsvalet startar måndag 11. august 2025.

Tid og stad for førehandsrøysting:

Askvoll rådhus

  • 11.08.2025-22.08.2025: kl. 12.00-15.00, fredagar kl. 13.00-18.00
  • 25.08.2025-05.09.2025: kl. 09.00-15.00, fredagar kl. 13.00-18.00

 

Askvollheimen - institusjonsrøysting

  • 03.09.2025: kl.10:30 – 11:30 

Heimerøysting

Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan kome til førehandsrøystelokalet eller til vallokalet på valdagen, kan du be om å få røyste heime. Det vil sei at to valfunksjonærar kjem heim til deg med røystesetlar og urne, slik at det er mogleg å røyste i di eiga stove. 
Frist for å søke om heimerøysting er klokka 12.00 den 4. september. Ein valfunksjonær vil ringe til dei som har søkt om å få røyste heime og avtale tid. 

Helene Norstrand
Rådgjevar
E-post
Telefon 57 73 07 11
Sarah Louise Loftheim
Arkiv- og sekretariatsleiar
HR
E-post
Telefon 57 73 07 06