Stor brannfare

Brannvesenet frårådar all bruk av eld i skog, utmark og innmark, inkludert tilrettelagde bålplassar, parkar og grøntområde frå 15. juni 2023.

Askvoll kommune har motteke melding frå Statsforvaltaren om at skogbrannfaren vert oppgradert til oransje nivå, for deler av Askvoll kommune.

Det er no tørt i terrenget, noko som gjev høg risiko for gras-, lyng- og skogbrannar. Brannvesenet frårådar difor all bruk av eld i skog, utmark og innmark frå 15. juni. Dette inkluderer tilrettelagde bålplassar, parkar og grøntområde.

Det har vore mange brannar i gras, lyng og skog rundt om i landet den siste tida, og med det vêret vi no har og ser ut til å få framover er det no fare for slike brannar også i Askvoll.

Det er likevel lov å grille i eigen hage.

Som alltid pliktar den enkelte å vise aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann.

Eit eventuelt forbod mot jonsokbål vert gjeve etter vurdering torsdag 22. juni

Roy Andre Solvåg-Hellevang
Leiar brannførebyggande avdeling
Brannvern og feiing
E-post
Telefon 57 71 85 63
Mobil 95 81 52 82