Stolpejakten 2025 startar 1. mai!

Bli med på jakta! Over 200 stolpar ventar i Askvoll og Fjaler.

Stolpejakten er ein morsom aktivitet for alle og som er gratis å vere med på. Det går ut på å finne stolpar som er plassert ulike plassar i nærmiljøet. Dette kan vere på kjente tur- og trimløyper eller til flotte utsiktspunkt eller andre stadar. Stolpejakten er tilrettelagt for unge og gamle, uavhengig av funksjonsevne. Stolpejakten er blitt ein veldig populær aktivitet og i fjor var det rundt 1000 stolpejegerar som deltok i Askvoll og Fjaler. 

Registrering og poeng: 

For å få poeng for stolpane må du registrere deg med ein konto på stolpejakten.no eller laste ned Stolpejakten-appen. Du finn meir informasjon og kan registrere deg på denne sida. 

Eit stolpebesøk kan du registrere på app eller på nett. Du vel sjølv kor mange stolper du vil finne, men det er kjekt å ha oversikt over korleis ein ligg an. På Stolpejakten-appen kan ein følgje sin eigen progresjon, nivå og få ulike merker. 

Sjølve stolperegistreringa er enkel. På kvar stolpe er det ein bokstav-kode og ein QR-kode. For elektronisk registrering bruker ein Stolpejakten-appen for å skanne QR-koden på stolpen, og ved manuell registrering plottar du inn koden på kontoen din på Stolpejakten.no. 

Stolpar 

I år vert det 206 stolpar i Askvoll og Fjaler. Nokre stolpar er lette å finne, medan andre er meir krevjande. Stolpane har følgjande vanskelegheitsgrad:

GRØN – veldig enkel, kan nåast med sykkel, rullestol o.l.
BLÅ – enkel
RAUD – medium
SVART – vanskeleg

Om lag halvparten avstolpane er lette å finne, 25 % er middels vanskeleg og ca. 25 % krevjande. 

Løyper og kart

Det er fleire løyper rundt om i Askvoll kommune og det er fire ulike kart. Tre kart i Askvoll og eitt i Fjaler. 

  • Kart 1: Askvoll, Værlandet og Bulandet – 44 stolpar 
  • Kart 2: Dale, Haugland, Straumsneset og Fredensborg – 51 stolpar
  • Kart 3: Atløy – 49 stolpar
  • Kart 4: Kvammen, Stongfjorden, Holmedal og Rivedal – 63 stolpar

Premiering 

Det vert trekking av gåvekort og andre deltakarpremiar blant deltakarane som bur i Askvoll og Fjaler. I tillegg vert stolpejegerane som samlar flest poeng lokalt i løpet av året premiert.

God stolpejakt!
 

Arve Åsnes
Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 27
Mobil 41 55 32 75