Spelemidlar til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Vi ynskjer innspel frå lag og organisasjonar som vil bygge eller rehabilitere anlegg.  

Spelemidlar kjem av overskotet til Norsk Tipping og vert fordelt av Kulturdepartementet til ulike allmennyttige føremål, der ein stor del av overskotet går til anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. For å søke spelemidlar må anlegget ligge i handlingsprogrammet til kommunedelplan for kultur, idrett og friluftsliv. 

Føremål

Ordninga skal bidra til at ein større del av innbyggjarane får moglegheit til å drive idrett og fysisk aktivitet. Barn og ungdom er hovudmålgruppa i spelemiddelordninga.

Endringar i spelemiddelordninga

Vilkår og krav for tilskotsordninga finn du på:

Typar anlegg og nedre kostnadsgrense

Det kan søkjast om spelemidlar til:

  • ordinære anlegg og rehabilitering av desse (for organisert idrett og fysisk aktivitet) - nedre grense for kostnad er kr. 200 000.
  • nærmiljøanlegg (for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet) - nedre grense for kostnad er kr. 100 000
  • Departementet kan i særlege tilfelle fråvike minstegrensa

Som hovudregel kan ein få tilskot på inntil ⅓ av godkjent kostnad til bygging/rehabilitering av ordinære anlegg. Til nærmiljøanlegg kan ein få tilskot på inntil 50% av godkjent kostnad, maks kr. 400 000 (unntak for kunstisflater).

Kven kan søkje

For å kunne få spelemidlar er det eit krav at ein har eit organisasjonsnummer, og at prosjektet du vil gjennomføre er tatt inn i handlingsprogrammet knytt til kommunedelplan for kultur, idrett og friluftsliv. Denne blir rullert kvart år av kommunestyret. 

Fristar

Gje tilbakemelding til oss innan 20 september om du har planar om prosjekt du vil søkje spelemidlar til. 

Innspel kan sendast til:

Søknadsfrist for å sende inn spelemiddelsøknad til kommunen er 20 oktober, og kommunen sender over søknadene til Vestland fylkeskommune 15 januar. 

Søknadsskjema for spelemiddelsøknader er opna. For eksisterande søknader som ikkje har fått tildeling, må de hugse å gjenta søknad.

Søk via anleggsregisterert 

Andreas Rivedal
Avdelingsingeniør
Bygg og eigedom
Telefon 57 73 07 24