Seniortrimmen startar opp att 26. februar!

Bli med på treningar i Samfunnshuset torsdagar kl. 11:00! 

Vi har ein periode vore utan instruktør, men har vore så heldige å få med oss Ihor som skal leie gruppe vidare. Ihor bur i Stongfjorden, er glad i dans og trenig, og ser fram til å kome i gang. Vi håpar alle tidlegare og nye deltakarar vil vere med på kjekke treningstimar framover.

Innhald på timane

Ein trenar i gruppe og stasjonar med enkle hjelpemidlar og til musikk. Seniortrimmen er populært og kvar veke er det som regel rundt 10-15 glade deltakarar som stiller.

Når?  

Torsdagar kl. 11:00 - 12:00 i salen på Samfunnshuset. Det er planlagt timar kvar torsdag heilt fram til 21. mai, med unntak av skjærtorsdag 2. april. Andre endringar kan førekome og vert annonsert.

Pris

Kostnad for deltaking (3 eller fleire gonger) er 350 kr for eit halvt år (om lag 10-12 treningar). Om du er ny kan du prøve treninga to gonger utan kostnad.

Vel møtt! 

Arve Åsnes
Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 27
Mobil 41 55 32 75