Sal av Heradsheimen

Er du interessert i å kjøpe Heradsheimen? Meld din interesse til Askvoll kommune innan  07.04.2024

Askvoll kommunestyre vedtok i møte 14.2.24 å selje Heradsheimen i Askvoll til ein fastpris på 4,2 millionar, pluss omkostningar.

Vil du kjøpe Heradsheimen?

Interesserte kjøparar bes om å melde si interesse innan 07.04.24 til postmottak@askvoll.kommune.no med beskriving av kva planar dei har for bygget, med mellom anna (men ikkje avgrensa til):

  • Føremål med bygget (Leilegheiter, næring osv). Eigedommen er i dag regulert til blanda føremål bustad/forretning/kontor
  • I kva grad ein ser føre seg å vidareføre dagens bygg og rehabilitere dette
  • I kva grad ein ser føre seg å vidareføre dagens fasade
  • Beskriving av kjøpar, med mellom anna finansiering og framdriftsplan

 

Det vil verte lagt inn ein treårig tilbakekjøpsklausul på bygget ved sal, slik at kommunen kan kjøpe tilbake bygget for salssum dersom det ikkje vert framdrift i prosjektet.

Val av kjøpar

Askvoll kommune ved formannskapet vil stå fritt til å velje kjøpar ut frå framlagte konsept, det vil ikkje vere klagerett på avgjerda

Vi ber interessentar melde inn sitt konsept til postmottak@askvoll.kommune.no, merka «Heradsheimen»

Meir informasjon om bygget:

Her finn du tilstandsrapport med verditakst

Her finn du kommunestyret sin sak om sal av Heradsheimen 

Eventuelle spørsmål kan rettast til Liss Lien, Bygg- og eigedomssjef

Liss Lien
Bygg- og eigedomssjef
E-post
Telefon 57 73 07 33