Prestegarden Rundt – ein del av turvegen blir stengd

Arbeidet med å oppgradere Prestegarden Rundt held fram. Frå neste veke må ein del av turvegen stengjast i om lag to veker medan den gamle brua over Presteelva blir skifta ut og stien utbetra.

Askvoll kommune er no i gang med neste etappe av oppgraderinga av Prestegarden Rundt. Denne gongen er det strekninga frå parkeringsplassen ved Storehaugen, ned mot Presteelva og over på austsida som skal utbetrast.

Om lag 135 meter tursti skal få betre underlag og drenering. Den gamle brua over Presteelva skal fjernast og erstattast med ei ny og tryggare bru. Samtidig blir det lagt ned trekkerøyr for eventuell framtidig belysning langs denne delen av turvegen.

Snarvegen blir stengd i om lag to veker

Arbeidet startar så smått fredag 23. oktober. Det vil framleis vere mogleg å bruke stien dei første dagane, men i løpet av neste veke må stien stengjast for ferdsel.

Den gamle brua skal fjernast, og det skal støypast nye fundament før den nye brua kan monterast. I denne perioden vil det ikkje vere mogleg å bruke snarvegen som gjennomgang. 

Vi reknar førebels med at stien blir stengd i om lag to veker, men dette kan endre seg etter framdrifta i arbeidet. Det blir sett opp informasjonsskilt om arbeidet, og stien blir sperra av med gjerde når han er stengd. Vi ber alle respektere sperringane av omsyn til tryggleiken.

Ein betre og tryggare turven

Vi håpar stenginga ikkje skaper for store ulemper for dei som brukar stien til dagleg, og takkar for tolmodet medan arbeidet pågår.

Når arbeidet er ferdig, kan vi sjå fram til ein betre tilrettelagd tursti og ei ny, flott og trygg bru over Presteelva.
 

Arve Åsnes
Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
Telefon 57 73 07 27
Helene Norstrand
Rådgjevar
Telefon 57 73 07 11