Askvoll kommune informerer om at oppgraderinga av turvegen «Prestegarden rundt» startar opp tysdag 25. november. Arbeidet omfattar mellom anna grøftereins, utbetring av stikkrenner, masseutskifting og utlegging av nytt toppdekke, i tillegg til sikringstiltak langs Presteelva.
For å gjennomføre arbeidet på ein trygg måte vil delar av turvegen vere stengd i anleggsperioden.
Kva betyr dette for brukarane av turvegen?
- Turvegen er stengd frå om lag kl. 07.00 til arbeidsslutt kvar dag så lenge arbeidet pågår.
- Etter arbeidstid vert turvegen open for ferdsel.
- Anleggsområdet vert sikra med gjerde og skilting i tråd med krav i kontrakten.
- Det vert lagt til rette for trygg passasje forbi anleggsområdet der det er mogleg.
Tryggleik
Entreprenør vil sørgje for at anleggsområdet til ei kvar tid er forsvarleg inngjerda, og kommunen ber alle om å respektere skilting og avsperringar. Dette gjeld særleg barnefamiliar, barnehagegrupper og skuleklasser som ofte brukar området.
Tidsplan
Arbeidet er planlagt å vere ferdig i veke 51.
Kvifor oppgraderer vi?
Turvegen er eit mykje brukt turområde for innbyggjarar i alle aldrar, og tiltaket skal gjere vegen meir tilgjengeleg, trygg og robust. Oppgraderinga inngår i prosjektet «Prestegarden rundt» og følgjer den nasjonale standarden for Godt tilgjengeleg turveg.
Askvoll kommune takkar for forståinga og ber om at alle viser omsyn medan arbeidet pågår.