Oppryddingsarbeid og vegstenging på Fv 609 ved Heilevang etter stormen «AMY»

Fv 609 blir stengt frå 9 oktober kl. 21 ved Heilevang, ny vurdering kl 09 00 søndag 12 oktober.
 Oppryddingsarbeidet etter stormen «AMY» startar måndag 13. oktober på Heilevang langs fylkesveg 609

Stengt veg 09. oktober  - 12. oktober

På grunn av vêrprognosar vil Fv 609 bli stengt frå og med torsdag 9. oktober kl. 21.00 ved Heilevang. Det blir gjort ny vurdering søndag 12. oktober kl. 09.00.
 

Oppryddingsarbeid

Oppryddingsarbeidet etter stormen «AMY» startar måndag 13. oktober på Heilevang langs fylkesveg 609. Arbeidet vil pågå kontinuerleg fram til det er fullført.

Vegstengingar:

  • Vegen vil vere stengt i periodar på inntil 2 timar mellom kl. 08.00 og 19.00 kvar dag.
  • Rutegåande trafikk og utrykningskøyretøy vil bli sleppt gjennom ved behov og på kort varsel.
  • Vi vil også vise fleksibilitet dersom det kjem trafikk som ikkje kan vente, til dømes ved akutte behov som sjukehusbesøk eller flyavgang.

Stengingspunkt og trafikkvakter:

  • Vegen blir fysisk stengt med bom ved Heilevang og Hestvika.
  • Det vil vere trafikkvakter til stades ved begge stengingspunkta for å regulere trafikken og gi informasjon.