Ope skip ombord i Skulebas 22. og 23. september

Det blir ope skip på opplæringsfartøyet MS Skulebas i Askvoll 22. og 23. september.

Informasjon frå Vestland fylkeskommune:

Måndag 21.september legg vårt eige opplæringsfartøy, MS Skulebas, frå kai og reiser på seglas i regionen vår. I løpet av seglasen skal vi innom mange hamner, og i kvar hamn ønsker vi å invitere både elevar, føresette og innbyggjarane elles velkomen om bord på Ope skip. Her møter besøkande både elevar og lærarar som vil gi omvising på det flotte skipet vårt, i tillegg til å dele informasjon om skulen sitt mangfaldige tilbod.  

 

Størsteparten av mannskapet om bord er elevar på Vg1 Teknologi- og industrifag. For fyrste gong skal Vg1-elevane ha delar av den praktiske opplæringa si om bord på Skulebas. Dei tre klassene på skulen har kvar si veke på seglas, der målet er at dei på ekte vis skal få erfaring med livet på sjøen og få djupare innsikt i yrker innan maritime fag. Samstundes vil elevane kunne dele av sine kunnskapar og erfaringar. Dei vil fortelje om korleis skulekvardagen er, kva moglegheiter dei har for vidare utdanning og yrkesliv, og ikkje minst korleis det er å vere elev ved Måløy vidaregåande skule.

 

På dagtid vil vi ynskje 10. klasse og elevar på vidaregåande skule velkomen om bord, og på kveldstid held vi opent for alle som måtte ønsker det. 

Vi set stor pris på om du/de vil dele invitasjonen med elevar og føresette. Vi legg ut seglasplan på skulen si heimeside www.maloy.vgs.no . Seglasplanen for veke 39 ligg også ved denne e-posten.

Seglasplan (PDF, 128 kB)

 Velkommen ombord 🙂​​