Opa kyrkje i Holmedal laurdag 07.02.2026 klokka 17.00-20.00

På bakgrunn av dei siste tunge dagane i Holmedal, vert det ope i Holmedal kyrkje laurdag 7. februar mellom kl. 17.00 og 20.00.

Opa kyrkje er eit tilbod til alle som ønskjer eit rom for sorg, stillheit og fellesskap i ei vanskeleg tid. 

Prest og medlemmar frå psykososialt kriseteam vil vere til stades.