Offentleg høyring - endring i forskrift om godtgjersle til folkevalde i Askvoll kommune

Askvoll formannskap vedtok i møte 24.08.2026 å legge ut forslag til endring i forskrift om godtgjersle til folkevalde i Askvoll kommune på høyring

Formannskapet vedtok i sak 080/26 følgjande vedtak:

Forskrift om godtgjersle for folkevalde vert lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 26.8.26- 23.9.26 med følgjande endringar:
Reduksjon i godtgjersle for formannskapsmedlem frå 4% til 3%
Reduksjon i godtgjersle for varaordførar frå 10% til 7,5%
Reduksjon i godtgjersle for leiar i valnemnda frå 1% til 0,5%
Reduksjon i godtgjersle for leiarar komite frå 3% til 2%
Møtegodtgjersle kommunestyre og vara formannskap vert redusert frå 1000 kr til 900 kr per møte
Endringane vil gjelde frå 01.10.26
 

Øvrige innsparingar med varig effekt frå og med 2027:
Formannskapet sine løyvingar vert redusert med 17 000 til 33 000 per år
Tal kommunestyremøter vert redusert til 8

Saksframlegg

Forskrift om godtgjersle til folkevalde i Askvoll kommune 2023-2027

Slik sender du innspel:

Du kan sende inn merknad til høyringa

 

Høyringsuttale sendast Askvoll kommune seinast 23.09.2026