Nye volontørar i Askvoll kommune

Frå den 15.september har Askvoll kommune teke imot nye volontørar frå Tyskland – Mia og Malin som skal vere med oss i 10 månader.

"Velkomstlunsj" frå Askvoll Delikatesser på biblioteket med Mia (venstre) og Malin (høgre). Vlada Fristad

I regi av prosjektet Aktiv Ungdom, volontørtenesta hos Askvoll Frivilligsentral, skal dei vere med oss i 10 månader på ulike arbeidsplassar i kommunen: Røverompa barnehage, Montessori skulen i Holmedal, Askvoll Omsorgssenter, gratisbutikken, Ungdomsklubb, med meir.

Det er ei fantastisk moglegheit for ungdom å lære seg eit nytt språk, bli kjend med ein ny kultur, og få brei erfaring innan ulike arbeidsområde som dei kan ta med vidare inn i «vaksenlivet».

Vi håpar tida deira i Askvoll vil verte lærerik med mykje latter og moro!

 

Les meir om volontørtenesta og prosjektet Aktiv Ungdom her. 

Vlada Fristad
Leiar
Askvoll frivilligsentral
E-post
Telefon 57 73 46 22
Mobil 90 84 86 27