Ny måte å melde inn vassmålarstand frå 2024

Frå 2024 skal du svare på ein sms for å registrere vassmålarstand.

Du skal ikkje lenger melde inn vassmålarstand på kommunen sine nettsider. Nå vil du få ein sms med beskjed om å melde inn vassmålarstand, og den melder du inn ved å svare på meldinga. Når du har svart på sms er du ferdig med målaravlesninga.

Døme på registrering av vassmålarstand:

Døme på korleis du skal melde inn vassmålarstand  - Klikk for stort bilete
Øivind Helle
Ingeniør
Teknisk drift / Bygg og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 30