Næringskveld på Askvoll Sjøbuer

Askvoll Næringsutvikling inviterer til ein inspirerande kveld for næringslivet onsdag 11. mars kl. 18.00 på Askvoll Sjøbuer.

Arrangementet er ein møteplass for inspirasjon, samarbeid og framtidsretta utvikling i regionen vår. Kvelden samlar sentrale aktørar som arbeider med næringsutvikling, verdiskaping og reiseliv – og gir rom for både fagleg påfyll og  samtalar.
 

Tre sterke stemmer

Alfred Bjørlo frå Stiftinga Drivkraft

Drivkraft er eit initiativ oppretta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og SpareBank 1 Sogn og Fjordane, med ein startkapital på 100 millionar kroner. Målet er å vere ein pådrivar for utvikling av både nytt og eksisterande næringsliv i regionen. 

Stiftinga har nyleg lansert to nye stipendordningar – Drivkraftstipendet og Spirestipendet – med søknadsfrist 31. mars, og desse vil også verte presenterte nærare. 

Trude Søilen frå Fjordkysten Regional- og Geopark

Geoparken er ein regional utviklingsaktør for kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Solund og delar av Sunnfjord. Parken er del av UNESCO Global Geoparks og EUROPARC Federation, og arbeider med formidling, omdømebygging, besøksforvaltning og satsing på barn og unge for å styrkje regionen si attraktivitet.

Marita Solheim frå Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Destinasjonsselskapet arbeider med å byggje merkevara Fjordkysten og Sunnfjord og løfte fram reisemåla i kommunane Solund, Hyllestad, Askvoll, Kinn og Sunnfjord. Eit av temaa denne kvelden vert kva det vil bety for Askvoll dersom kommunen går ut av Visit Fjordkysten og Sunnfjord.

Ein viktig møteplass

Kvelden gir høve til å få innsikt i aktuelle utviklingsløp og bli betre kjend med sentrale aktørar innan næringsutvikling og reiseliv. Her blir det innsikt, perspektiv og samtalar om moglegheiter for vidare vekst i regionen.

Tid: Onsdag 11. mars kl. 18.00

Stad: Askvoll Sjøbuer

Arrangør: Askvoll Næringsutvikling

Alle med interesse for næringsutvikling i Askvoll er velkomne.

Arve Åsnes
Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 27
Mobil 41 55 32 75