Det skal byggjast fastlandssamband til Atløy. På strekninga skal det førast opp tre bruer. Reguleringsplanen for prosjektet vart vedteken av kommunen i 2020. Ei mindre endring av reguleringsplanen vart vedteke i 2025. I reguleringsplanen er bruene kalla Olssundbrua, Granesundbrua og Sauesundbrua.
Sjå detaljregulering for Atløysambandet i kommunen sitt planregister arealplaner.no
Vestland fylkeskommune har starta namnesak etter stadnamnlova for å fastsette namn på dei nye bruene. Etter stadnamnlova §7 er det fylkeskommunen som vedtek namn og skrivemåte på fylkeskommunale anlegg som bruer.
Vestland fylkeskommune tilrår at namna på dei nye bruene vert
«Prestøybrua», for brua mellom Olset og Prestøyna
«Atløybrua», for brua mellom Prestøyna og Sauesundsøyna
«Sauesundbrua», for brua mellom Sauesundsøyna og Atløy
Sjå kart med plassering av bruene (PDF, 312 kB)
Innspel
Det er høve til å komme med innspel om brunamna. Frist for å komme med innspel er 9. desember 2026.
Slik sender du innspel:
Vurdering av namn
Bruene bør ha namn som er tilknytta lokale stadnamn. Det er ønskjeleg å velje namn som er lett å kjenne att, og som er kort og lett å lese og hugse. Det er viktig at brua får eit namn som ikkje kan forvekslast med andre bruer med same eller liknande namn. Dersom ei uønska hending eller ein naudsituasjon oppstår i eller i nærleiken av brua, vil det på denne måten vere enklare for redningsetatar å oppfatte kvar hendinga har oppstått.
Brua over Olssundet er i reguleringsplanen kalla Olssundbrua, men dette namnet er allereie teke i bruk på ei bru i Bulandet. Det bør ikkje vere same namn på to bruer, spesielt ikkje i ein og same kommune. Alternativt namn kan være Olsetbrua eller Prestøybrua.
Den største brua er i reguleringsplanen kalla Granesundbrua, men Grane og Granesundet ligg eit stykkje nord for der brua skal komme. Dette namnet er difor ikkje eigna til denne brua. Alternativt namn kan være Atløybrua.
For den minste brua vil det vere aktuelt å nytte namnet Sauesundbrua, slik som i reguleringsplanen.
Vestland fylkeskommune tilrår difor at namna på bruene vert «Prestøybrua», «Atløybrua» og «Sauesundbrua».
Namneprosessen
Askvoll kommune skal samordne innspela som kjem inn. Kommunen skal òg gje sin eigen høyringsuttale. Etter høyringsperioden sender kommunen alle innspela til Stadnamntenesta (Språkrådet) for uttale. Det er fylkeskommunen som til slutt vedtek namnet på bruene.
Sjå dokument i saka