Markering av Verdasdag for psykisk helse

Askvoll kommune markerer Verdasdag for psykisk helse 10.oktober med stand på Kystgården med kaffi og kake og med gratis arrangement “Pust og et” på biblioteket 14.oktober.

  • Fredag 10.oktober kl 10:30-14:00 markerer vi i psykisk helse og rus, verdasdagen for psykisk helse, på Kystgården i Askvoll. Årets tema er “Vi treng å styrke vår psykiske beredskap” og vi inviterer deg til ein kopp kaffi, marsipankake og ein liten prat om korleis vi kan ta vare på oss sjølve og kvarandre når livet endrar seg.

      Kom innom, saman står vi sterkare! 
      “Vi veit aldri kva morgondagen bringer, men vi kan styrke korleis vi møter den.”

  • Tysdag 14.oktober kl18 i samarbeid mellom Askvoll bibliotek, frivilligsentralen og Røde Kors blir det gratis arrangement på biblioteket “Pust og et”. Der avslappande pust og yoga-økt er i fokus med både sosialt samvær og god mat frå lokale leverandører. Godt for både kropp og sjel.
    Hugs påmelding til Vlada tel: 908 48 627.
Vlada Fristad
Leiar
Askvoll frivilligsentral
E-post
Telefon 57 73 46 22
Mobil 90 84 86 27