Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ein kommune. For å kunna røysta må du stå innført i manntalet.
Manntal for stortingsvalet 2025 vert lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 10. juli - 5. september på rådhuset i Askvoll.
Kven har røysterett ved stortingsvalet?
- Norsk statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2025 og er, eller har vore registrert busett i Noreg
- Norsk personale ved diplomatiske eller konsulatvesenet sine stasjonar i utlandet og husstanden deira har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.
Skal du flytte?
Du kan førehandsstemme i kva kommune som helst, men skal du stemme på valdagen må du stemme i eit vallokale i kommunen du er manntallsført i.
Flytter du til ein annan kommune må du melde flytting til folkeregisteret innan 30. juni for å bli ført inn i manntalet i den nye kommunen. Flyttar du til ein annan kommune etter denne datoen står du i manntalet i kommunen du flyttar frå.
Kor kan eg finne sjekke manntalet?
Du finn papirmanntal utanfor ordførar sitt kontor kl. 08.00 - 15.00, måndag til fredag.
Søknad om innføring i manntalet
Har ein norsk statsborgar budd meir enn 10 år i utlandet, fell veljaren ut av manntalet. Då må veljaren søkje om å bli innført i manntalet for å kunne røyste. Fyll ut skjemaet under og lever det inn saman med røystegjevinga:
Skjema for innføring i manntal (PDF, 104 kB)
Klage på manntalet
Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan urett er blitt innført eller utelaten frå manntalet i kommunen, kan du krevja at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal vera skriftleg og grunngjeve. Send kravet på e-post til postmottak@askvoll.kommune.no