Kokevarsel for abonnentar ved Kvammen vassverk

Det er påvist bakterie i drikkevatn ved vassverket i Kvammen. 

Kommunen gjennomfører regelmessig prøvetaking av vasskvalitet. Torsdag 04.05.2023 klokka 13 fekk kommunen telefon frå Sunnlab om at det var utslag på intestinale enterokokkar i prøva frå Kvammen vassverk som vart teken 02.05.2023. Det vart konferert med kommuneoverlegen, som bestemt at det skulle sendast ut kokevarsel til abonnentar ved Kvammen vassverk.

Intestinale enterokokkar er tarmbakteriar som førekjem i avføring hos dyr og menneske. Enterokokkar tilhøyrer den normale tarmfloraen hos menneske og dyr og gir sjeldan sjukdom hos ellers friske personar. Det er såleis ikkje behov for å oppsøke lege eller å teste seg ved milde symptom. Funn av intestinale enterokokkar i ei vassprøve er teikn på forureining av drikkevatnet, og tiltak for abonnentane vil vere å koke vatnet medan vassverket utreder årsak til forureining.

Det er tekne nye prøver i dag, fredag 05.05.2023, der resultatet vert kjend søndag ettermiddag, og det skal takast nye prøver søndag, der resultatet vert kjend tysdag ettermiddag. Det er lite sannsynleg at kokevarselet vert oppheva før tysdag neste veke, og vi beklagar dette.

Oppdatert informasjon vert lagt ut her fortløpande, i tillegg til at det vert sendt ut varsel til eigarar av eigedomar knytt til vassverket via Varsling24. Sjå denne nettsida for å vere sikker på at du får varsel frå kommunen

Råd til forbrukarar: Kva skal ein gjere når vatnet må kokast?

Kjelde: fhi.no

Vatnet må fosskoke og må få tid til å avkjølast naturleg, utan tilsetjing av isbitar eller liknande. Alt vatn frå springen som drikkast, må vere kokt først. Eit alternativ til kokt vatn kan vere flaskevatn.

 

Forutan drikke, bør du brukt kokt vatn til:

  • All mat som ikkje skal kokast eller varmebehandlast over 100 °C
  • Utblanding av saft, og andre produkt som drikkast eller etast
  • Kaffi. Kaffitraktarar koker ikkje vatnet og vatnet til kaffitraktaren må derfor vere kokt på førehand. Andre typer kaffimaskiner bør sjekkast med forhandlar
  • Isbitar
  • Skylling av frukt, salat og grønnsaker som ikkje skal kokast
  • Tannpuss

Ukokt vatn kan brukast til:

  • Koking av mat
  • Handvask. Hendene vaskast med såpe, skyllast og tørkast etterpå
  • Dusjing og karbad: Ein kan dusje og bade som normalt ved kokeanbefaling, men har ein dårleg immunforsvar i kombinasjon med opne sår, anbefalast ein rask dusj (ikkje karbad) og at ein tørker seg godt etterpå. Pass på ikkje å svelge vatn. Ha særleg kontroll med små barn.
  • Manuell oppvask og oppvaskmaskin: Ved oppvask for hand må oppvasken skyllast med kokt, varmt vatn og tørkast godt. Oppvaskmiddel med desinfeksjonseffekt er ikkje tilstrekkeleg. For å oppnå god desinfeksjonseffekt i ei oppvaskmaskin må programmet ha ein temperatur på minimum 65 ºC når det brukast vanlege hushaldningsmaskiner med programlengde på 1 time eller meir. La oppvasken stå og lufttørke.
  • Klesvask
  • Reinhald i heimen
  • Anna bruk i heimen

Barn bør ikkje leike med vatnet i hagevatningsanlegg, eller bade i barnebasseng i periodar med kokevarsel. Kjelde: fhi.no

Kontakt teknisk sjef Per Jan Ryland ved spørsmål.

Per Jan Ryland
Teknisk sjef
E-post
Telefon 57 73 07 32