Informasjon om kongebesøket til Askvoll kommune

Torsdag 28. mai får Askvoll kommune æra av å ta imot Kongen til Askvoll. Dette vert ei stor og gledeleg hending for lokalsamfunnet, og vi håpar mange vil møte fram for å ta del i markeringa.

Deres Majesteter Kong Harald og Dronning Sonja Kimm Saatvedt, Det kongelege slott

Tips og råd

  • Ta gjerne med flagg, og pynt gjerne med flagg heime òg dersom du har det.
  • Det er kjekt om folk vil pynte seg. Ta gjerne på 17. mai-stasen.  
  • Det vert hovudsakleg ståplassar for publikum. Det er sett av eit eige område med rullestol- og sitjeplassar for innbyggarar som ikkje kan stå, men med begrensa plasser.
  • Ved regn bør du bruke regntøy. Ikkje bruk paraply under scenearrangementet.
  • Det vil vere avgrensa med parkering denne dagen. Vi oppmodar difor alle som har moglegheit til å gå eller samkøyre. Sjå eigen informasjon om parkering. 

Plan for dagen

Kongen vert tekne imot i Bøparken, før turen går vidare til Askvoll Delikatesser. Der får han informasjon om verksemda, Helle Fabrikker og Bue Salmon.

Deretter går turen vidare til Rådhusplassen, der det vert folkefest og moglegheit for innbyggjarane å ta del i markeringa og ønskje Kongen velkommen.

På ettermiddagen inviterer Kongen til mottaking om bord på Kongeskipet. Gjester blir mellom anna ordførarane i kommunane Kongen har besøkt, og andre som har bidrege til gjennomføringa av besøket.

Tidsplan(det kan bli endringar): 

Tidsplan kongebesøk
KlokkeslettProgramLokasjonKven er invitert?
10.40PressemøteBøparkenPressa
11.00Kongen kjem til Bøparken og vert tatt imot av Statsforvaltar Liv Signe Navarsete, ordførar Ole Andrè Klausen, politimester Ane Kvaal.BøparkenOpe for alle
11.05Kongen med følgje drar til Askvoll Sjømat og delikatesser. Her blir det presentasjon av Askvoll sjømat og delikatesser, Bue Salmon og Helle fabrikkerAskvoll sjømat og delikatesserAskvoll sjømat og delikatesser, Bue Salmon, Helle fabrikker
11.30FolkefestRådhusplassenOpe for alle
12.30Avreise frå Rådhusplassen
12.50Kongen møter pressaBøparkenPressa
13.00Kongen drar frå AskvollBøparken
13.05Oppvisning ved Kongens gardeOppstart ved ferjekaia, går mot Askvoll omsorgssenterOpe for alle

 

Oppvisning med Kongens garde og stengt veg

Mellom klokka 13.00 og 14.00 vert det oppvisning med Kongens garde. Vegen mellom rådhuset og helsehuset vert stengt i denne perioden. Det vert lagt til rette for at det er mogleg å rekke ferje.

Invitasjon til alle

Vi oppmodar alle innbyggjarar om å møta opp med flagg og vere med på å skapa ei varm og minnerik ramme rundt denne spesielle dagen. 

Samstundes håpar vi alle vil bidra til at Askvoll tek seg ekstra fint ut til besøket - både i sentrum og langs ruta Kongen skal ferdast. Saman kan vi gje Kongen ein velkomst verdig Askvoll.

Informasjon om oppstilling på kaifesten

Det vert hovudsakleg ståplassar for publikum. Det er sett av eit eige område med rullestol- og sitjeplassar for innbyggarar som ikkje kan stå, men med begrensa plasser.

Oppstilling på rådhusplassen

 

Parkering

Det er ikkje mogleg å parkere på rådhusplassen eller ekspressbåtkaia under besøket. Vi tilrår at flest mogleg går eller samkøyrar denne dagen. Det vert parkeringsvaktar frå klokka 09.30 som stoppar alle bilar som skal inn til sentrum for å sjekke kor dei skal og gi rettleiing for parkering.

Det vert lagt til rette for parkering her: Korseberget, båthamna, kyrkja og Askvoll skule. Parkeringsvaktar vil hjelpe til med å finne parkeringsplass.

Parkering for kongebesøket er markert med P

For presse

Møterommet i 2. etg på rådhuset er tilgjengeleg for presse. Adressa er Askvollvegen 426A, 6980 Askvoll. Rommet ligg i 2. etg, rett ved siden av kantina. De går opp trappa til høgre når de kjem inn inngangen til rådhuset, deretter til venstre på toppen av trappa.

Ta kontakt med Sarah på telefon 48205015 eller e-post sll@askvoll.kommune.no om du treng meir informasjon!