Informasjon om hermetikkfabrikken

Her finn de informasjon om kva kommunen har gjort med hermetikkfabrikken sidan 2012

Tysdag kveld vart to bustader ved den gamle hermetikkfabrikken evakuerte, og Askvollvegen (Dalsørbakken) vart stengd. Til saman gjaldt evakueringa fire personar. Sterk sørleg vind gjorde at lause takplater kunne blåse av og treffe folk, bustader og trafikk. Kommunen åtvara eigaren om bygget første gong i 2012, og har no gjeve pålegg om øyeblikkeleg sikring.

Kva skjedde tysdag

Etter samråd mellom utrykningsleiarar og kommunen si kriseleiing vart Askvollvegen stengd frå Askvoll sjømat og delikatesser opp til Follevågvegen frå klokka 17.30, med omkøyring via Apotekerbakken/Øvregata. Brannvesenet gjekk frå dør til dør og oppmoda dei som bur nærast om å evakuere. Dei evakuerte budde hos familie og vener over natta.

Status onsdag

Bilete av taket på hermetikkfabrikken  - Klikk for stort bilete Askvoll kommune / Arve Åsnes
  • Vegen vart opna igjen i 7.30-tida onsdag morgon etter at vinden hadde løya. Dei evakuerte har flytta heim i løpet av onsdagen.
  • Éi takplate har losna i løpet av natta, men ho fall innover i bygget på vestsida. Fleire plater er framleis lause.
  • Kommunen har teke bilete av bygget med drone onsdag føremiddag.
  • Kommunen hadde møte med politiet onsdag føremiddag om situasjonen og tiltaka som vert vurderte.
  • Det er sendt ut pålegg om øyeblikkeleg sikring etter plan- og bygningslova § 31-8 med frist for tiltak 5. november 2026

Nytt pålegg om sikring

Onsdag 28. oktober gav kommunen eigaren, Askvoll Eigedomsselskap AS, pålegg om øyeblikkeleg sikring etter plan- og bygningslova § 31-8. Taket skal vere sikra innan 5. november 2026.

Selskapet vart slått konkurs 5. oktober. Bubestyraren har opplyst at eigedomen ikkje lenger er del av konkursbuet. Difor er det styret i selskapet som har ansvaret for bygget, og pålegget er retta til styret.

Vedtaket vert publisert på postlista til kommunen om nokre dagar. Det har tittelen «Pålegg i medhald av plan- og bygningslova § 31-8 om sikring av tak på fabrikkbygning på gbnr 21/11» og saksnr. 123/26.

Dette har kommunen gjort sidan 2012

2012: Kommunen bad eigaren rive eller sikre eit delvis nedrasa tilbygg. Eigaren gjorde avbøtande tiltak

2017: Etter julestormen i 2016 kravde kommunen at eigaren sikra taket og rydda nedfallen eternit. Eigaren melde at det vart gjort.

2020-2022: Kommunen sende bekymringsmeldingar frå naboar vidare til eigaren og bad fleire gonger om sikring. Eigaren melde at sikring var utført. Då hadde ikkje kommunen grunnlag for å gje pålegg.

2024: Taket hadde sige kraftig saman. Kommunen sende varsel om pålegg i april, og kommunestyret kravde sikring av taket innan 1. juli. Nokre lause plater vart sikra. I oktober gav formannskapet pålegg om sikring av taket, med tvangsmulkt på 2 000 kroner dagen frå 2. desember 2024. Pålegget er ikkje gjennomført, og tvangsmulkta står framleis ved lag.

2026: Kommunen fekk kopi av ny bekymringsmelding i september. Etter evakueringa gav kommunen pålegg om øyeblikkeleg sikring 28. oktober.

Dokumenta i saka ligg på postlista til kommunen, sak 17/28 «Sikring av bygg på gbnr 21/11».

Kven har ansvaret

Det er eigaren som har ansvaret for å halde bygget i forsvarleg stand og for å sikre, reparere eller rive det. Kommunen kan ikkje gjere vedlikehald eller utbetring på privat eigedom. Ved fare for liv og helse kan kommunen likevel gje pålegg, fastsetje tvangsmulkt og, dersom pålegg om øyeblikkeleg sikring ikkje vert følgt, sjølv sørgje for den sikringa som trengst for å avverje den akutte faren.

Under bølgjeblekket på taket ligg det eternit, som inneheld asbest. Bubestyraren har varsla Statsforvaltaren i Vestland om dette.

Vegen vidare

Kommunen følgjer situasjonen tett og vurderer vêret og tilstanden til bygget fortløpande. Kommunen arbeider med å vurdere kva tiltak som kan vere aktuelle dersom pålegget ikkje vert gjennomført innan fristen.

Vi ber alle om å halde seg unna fabrikken og følgje med på askvoll.kommune.no for oppdateringar.