Influensavaksine

Vi vaksinererer mot influensa, korona og lungebetennelse onsdag 18. og torsdag 19. november på Storstova mellom kl. 09.00 og 14.30.

Kvinne som får sett vaksine - bilete - Klikk for stort bileteBilete av Gustavo Fring frå Pexels

Bulandet og Værlandet

Heimetenesta vil vaksinere brukarar av tenesta på eigen dag. Informasjon om dato/dag vil komme seinare.

Målgruppe for vaksinene:

  • Alle over 65 år: influensa- og pneumokokkvaksine 
  • Alle over 75 år: influensa- korona og pneumokokkvaksine
  • Voksne og barn med kronisk sjukdom

 

Meir om målgrupper og risikogrupper finn du på Folkehelseinstituttet sine nettsider:

 

Alle som er fødde i 1961 får tlibod om pneumokokkvaksina til redusert pris.  Dei som er fødde i 1960 og ikkje nytta seg av tilbodet i fjor får også samme tilbod.

Pris

  • Koronavaksine                  kr 110,-
  • Influensavaksine               kr 310,-
  • Lungebetennelsevaksine  kr 110,-   Gjeld dei som er fødd i 1960 og 1961
  • Lungebetennelsevaskine  kr 900,-   Prevenar

 

Ved samvaksinasjon (fleire vaksiner)  kr 25,- i rabatt for koronavaksine og Prevenar til dei som er fødde i 1960 og 1961.

 Voksenvaksinasjonsprogrammet  vart sett i verk 1. juni -25.  Programmet inneber at 

  • Kommunen skal sørge for at dei aktuelle målgrupper får tilbod om vaksinene som er i programmet
  • Alle i målgruppene som bur eller midlertidig oppheld seg i Norge har rett til å bli vaksinert
  • Det er lettare å få erstatning ved vaksineskader då det er eigne reglar for bevisbyrde ved behandling og erstatningskrav for vaksiner som vert sett i program                                               

 

Målet med voksenvaksinasjonsprogrammet er å førebygge sjukdom og dødsfall som følge av influensa, korona og pneumokokksjukdom.