Influensa, korona og pneumokokkvaksine hausten 2025

Vi vaksinerer mot influensa, korona og lungebetennelse torsdag 23.10. og onsdag 29.10. på Storstova mellom kl. 09.00 og 14.00.

Kvinne som får sett vaksine - bilete - Klikk for stort bileteBilete av Gustavo Fring frå Pexels

 

Bulandet og Værlandet

Informasjon om vaksinasjonsdag blir oppdatert så snart den er fastsett

Målgruppe for vaksinene:

  • Alle over 65 år- influensavaksine 
  • Alle over 75 år - influensa- og koronavaksine
  • Voksne og barn med kronisk sjukdom

Meir informasjon om målgrupper og risikogrupper finn du på Folkehelseinstituttet sine nettsider:

Koronavaksine
Influensavaksine 
Pneumokokkvaksine


Nytt i år!

Pneumokokkvaksina Prevenar 20 er no ein del av vaksinasjonsprogrammet. Alle fødde i 1960 får tilbod om denne til redusert pris.  Andre aldersgrupper som treng oppfrisking med pneumokokkvaksine får Pneumovax, som tidligere.

Pris

  • Koronavaksine          kr 110,-
  • Influensavaksine       kr 300,-
  • Prevenar 20:              kr 110,-           Kun til dei som er født i 1960
  • Pneumovax               kr 400,-

 

Ved samvaksinasjon (fleire vaksiner): kr 25,-  i rabatt for koronavaksine og Prevenar (vaksine mot pneumokokksjukdom)

Stortinget har vedtatt å etablere eit voksenvaksinasjonsprogram som kom inn i “Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram” 1. juni -25.  

Vaksinasjonsprogrammet betyr at:

  • Kommunen sørger for at dei anbefalte målgruppene får tilbud om vaksiner i programmet
  • Alle i målgruppene som bur eller midlertidig oppheld seg i Norge har rett til å bli vaksinert
  • Det er lettare å få erstatning ved antatte vaksineskader fordi det er egne reglar for bevisbyrde  ved behandling og erstatningskrav for vaksiner som vert sett i program

 

Målet med vaksinasjonsprogram er å førebygge sjukdom og dødsfall som følge av influensa, korona og pneumokokksjukdom.  For å sikre at så mange som mogeleg tar vaksine vil det blir sendt ut påminning til personar over 65 år som ikkje er vaksinert i følge programmet.

Meir informasjon om voksenvaksinasjonsprogrammet finns på FHI.no under Voksenvaksinasjon.