Høyring om korleis Vestland fylke skal utvikle seg dei komande åra

I to nye regionale planar foreslår Vestland fylkeskommune viktige grep for korleis fylket skal utvikle seg dei komande åra. No er planane på høyring, og du kan sei meininga di fram til 1. november.

Vestland fylkeskommune har for tida to regionale planar ute på høyring: 

Begge høyringane har frist 1. november. 

Planane har eit 12-årsperspektiv og legg viktige rammer og føringar for kommunar, næringsliv, lag, organisasjonar, utdanningsinstitusjonar og andre aktørar i fylket. 

Kort om planane:

Regional plan for verdiskaping og kompetanse set rammene for korleis Vestland skal utvikle næringsliv, arbeidsplassar og kompetanse dei neste åra. Planen er viktig fordi fylket står overfor store utfordringar: fleire eldre, færre i arbeid og eit næringsliv som må stille om til lågare utslepp og ny teknologi. 

Regional plan for areal og mobilitet handlar om korleis vi brukar areala i Vestland på ein smart og berekraftig måte. Planen er viktig fordi vi må redusere klimagassutslepp, ta vare på natur og matjord, og samstundes sikre at Vestland er eit godt stad å bu og drive næring. 

Få meir informasjon og sei di meining på Vestland fylkeskommune sine nettsider