Høyring - Ny VA-norm for Askvoll kommune

Ny VA-norm for Askvoll kommune er lagt ut til høyring. Høyringsfrist er 27.03.2025

Askvoll kommunestyre har i Kommunestyret,  sak 059/24 den 19.06.24 handsama sak om VA-norm med følgjande vedtak:

Askvoll kommunestyre legg ny VA-norm for Askvoll kommune ut på høyring 

  • Kommunestyret ønskte at den låg ute til høyring fram til 18.08.24. Dette tilsvarar om lag 8 veker.
  • Planen vert lagt ut på heimesida til kommunen i dag 28.01.2025.
  • Den vert lagt ut med frist 8 veker fram. HØYRINGSFRIST  27.03.2025.

 

Bakgrunn:

Mykje av det som kommunane opplever i dag er at tidlegare leidningsnett har for dårleg kvalitet på delar av leidningsstrekka. Dette fører til driftsvanskar som over tid vert kostbare. For å unngå dette er det ønskjeleg med ei felles VA-norm for fleire kommunar som hindrar dette. VA- norm er eit svært gjennomarbeidd dokument. Der har vore mange møte og mykje av detaljane er gått gjennom i dei ulike arbeidsmøtene.

Resultatet ligg i form av VA-norm med vedlegg som gjev føringar for korleis leidningsnett skal utførast i dei ulike kommunane

I saksframstilling står blant anna:

  • VA norma representerer førehandgodkjente løysingar på korleis dei kommunaltekniske anlegga skal utformast.
  • Det blir i stor grad vist til Norsk Vann/Norsk Rørsenter sine VA miljøblad for detaljutforming av ulike anleggsdelar.
  • Bruk av alternative løysingar/materiale er ikkje forbode, men i slike tilfelle skal desse godkjennast særskilt av VA ansvarleg i kommunen.
  • Arbeidet med ny VA-norm har gått over fleire år, og kommunen har i praksis følgd dei nye krava som er føreslege i norma dei siste åra.
  • Norma vil sikre at det arbeidet som blir utført, både av interne og innleigde ressursar, blir gjennomført etter ønska kvalitet og med godkjende produkt.
  • Kommunedirektøren ser på dette som eit av fleire viktige dokument for å sikre ønska levetid på kommunen sine investeringar.

 

Saksframlegget og vedlegg kan de lese her

Slik sender du inn merknadar:

Har du merknadar til VA-normen kan du sende desse innan 27.03.2025. Du kan sende inn merknadar slik:

Per Jan Ryland
Teknisk sjef
E-post
Telefon 57 73 07 32