Haustrutene startar 17. august – nye avgangar på linje 220

Haustrutene for buss, båt og ferje i Sogn og Fjordane startar måndag 17. august. Samtidig minner vi om dei nye kvardagsavgangane mellom Askvoll og Dale.

Linje 220 Askvoll–Holmedal–Dale har fått to nye avgangar på kvardagar:

  • Frå Askvoll kl. 11.00 til Dale
  • Frå Dale kl. 11.45 til Askvoll
     

Dei nye avgangane har vore gjeldande sidan 24. juni.

Frå måndag 17. august går kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane over til haustruter. Du finn oppdaterte rutetider og rutetabellar for buss, båt og ferje i reiseplanleggaren på nett og i Skyss-appen.