Framtidas helse- og omsorgstenester

Kommunedirektør og kommunalsjef helse og omsorg ynskjer å kome ut i grendene på eit informasjonsmøte om framtidas helse- og omsorgstenester.

Det blir trongare tider og innbyggarane vil merke endringar i tenestetilgongen.

Vil vil då kome innom:

  • Bakgrunn for kvifor Askvoll kommune er komen i denne situasjonen
  • Kva konsekvensar får dette for den einskilde innbyggar i kommunen
  • Kva kan du som innbyggar i Askvoll kommune gjere

 

Dette er eit informasjonsmøte, men vi vil sjølvsagt høyre på kommentarar og innspel innbyggarane vil ha.

Kommunen sender melding på sms lokalt til innbyggarane i tillegg til annonsering heimesida.

Hittil er det avtalt:

  • Informasjonsmøte i Kvammen tysdag 20. januar kl. 18.00 på Allaktivitetshuset
  • Informasjonsmøte i Bulandet/Værlandet onsdag 21. januar kl. 18.00 på Bulandet skule, gymsalen