Forlenga høyring - verksemdplan for veg

Kommunestyret har vedteke at høyringsperioden for verksemdplan for veg vert utvida frå 1 desember til og med 31 desember.  

Det vert samstundes vedteke mindre justeringar av planen. Desse er:

  1. Dei vegane som er planlagt overført til fylkeskommunen, vert synleggjort, og trekt ut av denne planen. Dette vert gjeldande for dei delar av KV93, og KV95 Nordsjøvegen, som er i prosess for omklassifisering. 

    Etter ynskje frå Vestland fylkeskommune, ved prosjektet Atløysambandet, vart òg KV21 trekt ut av planen.
     
  2. Mindre rettingar i grunnlaget slik, at tabellar og illustrasjonar er i samsvar. Dette gjeld følgjande vegar:
  • KV64 Vilnesvegen
  • KV42 S2D1 Morkavegen
  • KV39 Holmedalsvegen
  • KV 99478 Dørhellevegen


KV 1006, KV99398 i kommunesenteret Askvoll vart trekt ut av lista då dei ikkje vert råka av nedklassifiseringa.

Dette er er ei forlenging av høyringa i oktober, og allereie innkomne innspel føl saka vidare. 

I denne høyringsperioden vert det òg lagt opp til informasjonsmøte for dei grendalaga som måtte ynskje dette. 

Sjå dokument i saka

Sjå saksframlegg i saka

Verksemdplan veg

Vedlegg 1 - verksemdplan veg 2025

Vedlegg 2- kommunale vegar tilrådd nedklassifisert

 

Slik sender du innspel


 

    


 

Knut Helge Olsen
Kommunalsjef samfunn og teknikk
Samfunn og teknikk
E-post
Telefon 57 73 07 26