Ein turveg for alle
Ordføraren stod for opninga og trekte fram verdien av ein trygg, lågterskel og godt tilgjengeleg turveg som kan brukast av alle. Turvegen ligg sentralt, nær barnehage, skule, omsorgssenter og bustadområde, og er derfor eit viktig nærmiljøtiltak. Han takka samtidig alle som har bidrege til prosjektet gjennom økonomisk støtte, planlegging, fagarbeid og ikkje minst dugnad.
Det kom også fine ord frå Bjarte Engevik, dagleg leiar i Fjordane Friluftsråd. Han trekte fram kor viktig slik tilrettelegging er for folkehelsa, og Askdalen som inngangsport til dei flotte turmoglegheitene i fjella rundt Askvoll. Friluftsrådenes Landsforbund har gjennom prosjektet «God og trygg tilgang» bidrege med midlar frå Gjensidigestiftelsen si Naturglede-satsing.
Elevane sette sitt preg på markeringa
Elevane på 9. trinn i arbeidslivsfag ved Askvoll skule gjorde ein framifrå jobb som medarrangørar. Dei leidde programmet, arrangerte leikar og serverte gode bollar, kaffi og saft.
Røverompa barnehage møtte opp saman med mange andre innbyggjarar og representantar frå mellom andre DNT Sogn og Fjordane, Askvoll Pensjonistlag, Askvoll Røde Kors og Askvoll IL.

Eit breitt samarbeid
Turvegen har fått eit fastare og jamnare underlag, og det er bygd ei ny bru ved Slettevollen. Arbeidet har gjort turvegen tryggare og betre tilgjengeleg, samstundes som rydding langs traseen har opna landskapet og gjort elva meir synleg.
Prosjektet er realisert gjennom eit breitt samarbeid mellom kommunen, frivillige, grunneigarar, fagfolk og entreprenør. Lokale handverkarar har bygd den nye brua, og kommunen har fått verdifull frivillig fagleg bistand til prosjektering og oppfølging av brubygginga. Askvoll Røde Kors, Pensjonistforbundet Askvoll, Askvoll Vel og Askvoll IL har delteke i dugnadsarbeidet. I tillegg har enkeltpersonar lagt ned ein stor innsats langs turvegen. Askvoll Røde Kors har også gitt den flotte benken som er sett opp ved elva.
I tillegg til støtta frå Gjensidigestiftelsen og Friluftsrådenes Landsforbund er prosjektet finansiert med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og DNT gjennom prosjektet «Gjekk ein tur på stien», og frå Vestland fylkeskommune gjennom spelemiddelordninga.
Vi rettar ei stor takk til alle som har bidrege til det flotte resultatet.
Neste etappe
No ser vi fram til å ta fatt på neste etappe. Denne omfattar oppgradering av snarvegen over Prestegardselva og bygging av ei ny bru. Arbeidet er planlagt gjennomført i løpet av hausten og vinteren.