Er du VGS-elev og vil vere med i ungdomsrådet?

Går du på vidaregåande skule og er heimehøyrande i Askvoll kommune? Ta kontakt snarast dersom du ynskjer å stille til val i ungdomsrådet. 

Kva gjer ungdomsrådet?

Askvoll ungdomsrådet er eit rådgjevande organ for kommunen og har rett til å komme med innspel og anbefalingar i alle saker som gjeld ungdom. Ungdomsrådet skal arbeide for at det skal vere godt å vakse opp i Askvoll kommune og kan på eige initiativ ta opp saker som ungdom er opptekne av. 

Ungdomsrådet har møte ca. 4-5 ganger i året. I tillegg deltek to representantar frå ungdomsrådet kvart år på fylkesting for ungdom i Vestland. 

Kor mange medlem har ungdomsrådet? 

Ungdomsrådet består av 11 representantar: 9 ungdomar frå ungdomsskulane i kommune og 2 ungdomar frå vidaregåande skule. Representantane i Askvoll ungdomsråd må vere heimehøyrande i Askvoll kommune. 

Ungdomsskulane i kommunen har valgt sine representantar, men vi manglar to ungdomar frå VGS + 1 vararepresentant. 

Ungdomsrådet vert valde for inntil 2 år. Det nye ungdomsrådet skal sitte frå januar 2024 til haust 2025. Ungdomsrådet vel sjølv leiar og nestleiar for eitt år av gangen. 

Korleis kan du stille til val i ungdomsrådet? 

Har du lyst til å stille på val i ungdomådet? Send e-post innan 13. februar 2024 til rådgjevar Helene Norstrand på helene.norstrand@askvoll.kommune.no. 

E-posten må innehalde fylgjande: 

  • Navn, fødselsdato 
  • Kontaktinformasjon (e-post og mobilnr)
  • Kort om kvifor du ynskjer å stille til val. 

 

Forventningar til dei som vert valt inn

  • stille førebudd til møta
  • følgje opp avtalte oppgåver
  • vere ein god representant
  • rett til fri frå skule / arbeid
  • møtegodtgjersle og refusjon av reiseutgifter

 

Har du spørsmål? 

Om du lurer på noko så ta kontakt med Helene Norstrand på helene.norstrand@askvoll.kommune.no eller på telefon 577 30 711.

Helene Norstrand
Rådgjevar
E-post
Telefon 57 73 07 11