Bakgrunn
Detaljregulering for Atløysambandet vart vedteken i 2020. Planen omfattar fastlandssamband frå Atløy til Askvoll, med bru over Olssundet, Granesundet og Sauesundet.
Sjå gjeldande detaljregulering for Atløysambandet i kommunen sitt planregister arealplaner.no.
Reguleringsføresegnene i planen viser til at vegsambandet skal byggjast slik det er vist i plan- og profilteikningar (vedlegg 4 til planen). Planen vart utarbeidd av Statens vegvesen. I dag er det fylkeskommunen som er utbyggjar, og ein nyttar totalentreprise. Det er ønskjeleg at entreprenøren har fleksibilitet til å prosjektere ei vegline som er optimal i høve til landskapstilpassing og massebalanse. Dei tekniske teikningane i planen opnar ikkje for nokon fleksibilitet. Det er difor ønskjeleg å fjerne den bindande tilvisinga til teikningane.
Ved førebuing av bygging av vegsambandet har fylkeskommunen hatt gjennomgang av plandokumenta og hatt dialog/synfaring med fleire grunneigarar. Fylkeskommunen har då sett at det er aktuelt å ta inn nokre fleire avkøyrsler, og det er mogleg å avgrense arealinngrepa nokre stader. Samtidig har politisk nivå i fylkeskommunen pålagt å vurdere kostnadskutt i prosjektet.
Saksgang
Vestland fylkeskommune har utarbeidd eit framlegg til endring av reguleringsplanen som vart vedteken i 2020. Kommunen vurderer at saka kan handsamast etter forenkla planprosess (mindre endring), jfr. plan- og bygningslova §12-14 andre ledd. Det vil seie at framlegget til endring vert sendt på høyring til aktuelle styresmakter, grunneigarar og velforeining, og dei får ein kort tidsfrist for å komme med innspel. Planframlegget vert ikkje lagt ut til offentleg ettersyn, slik som ein gjer når ein lagar ein ny plan. Kommunen legg likevel ut plandokumenta på heimesida her, sidan det nok er mange som er interesserte i kva som skjer i saka.
Når høyringsfristen er over, vil kommunen i lag med fylkeskommunen vurdere innspela som kjem inn. Deretter vil formannskapet i kommunen vedta reguleringsendringa.
Framlegget til planendring
Planomtale for reguleringsendringa (PDF, 3 MB)
Plankart med endringar innarbeidd (PDF, 3 MB)
Føresegner med endringar innarbeidd (PDF, 214 kB)
Dei øvrige plandokumenta i den vedtekne planen skal fortsatt gjelde uendra.
Oversikt over kva som er føreslått endra går fram av kap. 5.1 i planomtalen for reguleringsendringa.
Sjå informasjon om fylkesvegprosjektet på Vestland fylkeskommune sine nettsider.
Sjå fleire dokument i arkivsaka