Beredskapsplikt for arrangørar - sikre trygge arrangement saman

Som arrangør av større arrangement har du ansvar for å sikre tryggleiken til alle besøkande. Dette inneber å utarbeide ein beredskapsplan med risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse).

Kvifor er dette viktig?

Ein god beredskapsplan hjelper deg å ha kontroll på kva som kan skje, og korleis du skal handtere ulike situasjonar. Dette omfattar alt frå uvêr og tekniske problem til medisinske nødsituasjonar.

 

Kva må du vurdere?

  • Vêrforhold: Korleis sikrar du at telt og installasjonar toler vind og regn?
  • Folkemengder: Har du nok utgangar og oversikt over besøkstalet?
  • Mat og drikke: Er du førebudd på allergiske reaksjonar?
  • Vatn og alkohol: Treng du ekstra vakthald eller sikringstiltak?
  • Tekniske installasjonar: Er scene, lyd og lys montert forskriftsmessig?

 

Kommunen hjelper deg

Vi har utarbeidd eit enkelt skjema som gjer det lettare å lage din eigen beredskapsplan og risikoanalyse. Planen er ikkje berre ein formalitet – den er eit praktisk verktøy som gjer arrangementet ditt tryggare for alle.

Når du fyller ut skjemaet via lenka vil du ha høve til å laste ned/skrive ut til eige bruk som dokumentasjon, og du sender ein kopi til kommunen som skal vere informert i samband med kommunal beredskap dersom noko skjer.

Les meir og last ned skjema her