Vedtak
Stongfjorden skule vert selt til Stongfjorden episenter AS for kr 1,-
Askvoll kommune yter tilskot til Stongfjorden episenter AS på kr 100.000 per heile år i fire år, frå 2024 til 2028
Askvoll kommune forpliktar seg i same periode å kjøpe tilbake bygget for kr 1,- dersom det er ynskjeleg frå Stongfjorden episenter AS
Behandling
Alice Hestad Vie gjekk frå som ugild, då ho er styreleiar i ein av eigarane til Stongfjorden Episenter AS. Francis Engevik (SV) deltok som vara (via teams)
Anja Grov Johnsen fremja alternativt framlegg der Askvoll kommune ikkje forpliktar seg til å kjøpe tilbake bygget.
Framlegget til Grov Johnsen vart stilt opp mot formannskapet sitt framlegg.
Røysting:
Formannskapet sitt framlegg: 16 røyster
Grov Johnsen sitt framlegg: Fem røyster (Selvik, Grov Johnsen, Fedøy, Lilletofte, Aadlandsvik)