Vedtak
I medhald av plan- og bygningslova § 19-2 vert det gjeve dispensasjon frå pkt. 3.1.2, 3.1.5, 3.1.9, 4.1.3 og 4.1.5 i føresegnene til reguleringsplanen, samt §§ 1-8 og 29-4 i plan- og bygningslova.
Det vert sett som vilkår at parkeringsplassane som ikkje er knytt til bustad vert korttidsparkering
Grunngjeving går fram av vurderinga.
Behandling
Alice Vie stilte spørsmål om habilitet på grunn av at arbeidsgjevar har levert inn tilbod på grunnundersøkingar på tomta
Ho vart kjend ugild - samrøystes
Ingen møtte i hennar stad
Vedlegget “Askvoll havnegård revisjon B dat 20.01.23.pdf” vart lagt fram i møtet og erstattar vedlegget Askvoll havnegård 26.08.22.pdf
Det vart røysta over kommunedirektøren sitt framlegg
Røysting - samrøystes