Om Nipa barnehage

Velkommen til eit inkluderande fellesskap der relasjonsbygging og kjensle av tilhøyrigheit skal vere i fokus.

Nipa barnehage ligg i same bygg som Atløy skule. Vi har fokus på å skape trygge og givande dagar for born og vaksne. Dette gjer vi ved å jobbe i tråd med rammeplan og barnehagelov. Vi har siste tida hatt fokus på relasjonsbygging og korleis skape tilhøyrigheit i barnehagen. For oss er det viktig at alle vert sett og høyrd, og at ein skal spele kvarandre god.
 

Organisering

Vi er som regel 2- avdelingsbarnehage, men samarbeider tett og på tvers av avdelingane. Avdelingane samarbeider alltid på morgonen og på ettermiddagen. Onsdagane er avdelingane slått i hop slik at ein er ilag heile dagen.

Vi samarbeider og tett med skulen. Når borna går siste året i barnehagen har vi eit eige opplegg for dei på våren der målet er at dei skal verte god kjend med kontaktlærar og bruke god til på overgangen til skulen. Her er ikkje målet at borna skal starte med opplegg tilpassa skulen, men at leik vert eit verktøy ein brukar for å trygge borna inn mot overgangen til 1. klasse.

Vi er mykje på tur og likar oss godt ute. Men nokre dagar finn borna roen inne og har god leik der. Vi prøver å tilpasse dagane ut frå kva vi ser er til det beste for barnegruppa og kvart einskild barn. Å ha trygge stabile vaksne som er tett med borna er viktig for oss.

Artikkelliste