Om Holmedal barnehage

Holmedal barnehage ligg ca 7 km frå Askvoll sentrum.

Barnehagen er godkjent for 36 plassar fordelt på ei avdeling for barn i alderen 3-6 år og ei avdeling for barn i alderen 1-3 år. Storbarnsavdelinga er kalla opp etter fjellet Dokka. Småbarnsavdelinga heiter Kletten og er  kalla opp etter høgda Bakkekletten.

 

Barnehagen ligg i nær tilknytning til fjære, skog, fjell og fotballbane og barna er mykje ute i all slags ver. Vi legg stor vekt på leik og fysisk aktivitet. Barnehagen er opprinneleg eit eldre bustadhus som er bygd om og utvida i fleire omgangar, siste utviding og rehabilitering var ferdig i januar 2021.

 

Vi har og eit tett samarbeid med Holmedal Montessoriskule og nyttar bl.a. gymsalen til aktivitet kvar veke. Dei eldste kulla ved skulen rullerar på å kome til barnehagen som leikeressurs ein ettermiddag i veka.

Artikkelliste

Sidsel Anita Ekblad Itland
Styrar Holmedal barnehage
E-post
Telefon 57 73 07 61
Mobil 99 29 50 05