TiTur Dalsfjorden og Stolpejakten startar 1. mai!

Bli med og bli kjent med nye toppar og turmål rundt vakre Dalsfjorden. 

TiTur Dalsfjorden 2024

Fom 1. mai t.o.m. 1. oktober har du høve til å bli kjend med mange av dei flotte turområda i nærområdet vårt.

TiTur Dalsfjorden er eit samarbeid mellom Askvoll kommune, Fjaler kommune, Indre Sunnfjord turlag og turlaga i Askvoll og Fjaler. Dette er ein flott måte å bli kjent med nye turområder, og ein fin aktivitet som passar årstida vi går inn i.









I år har vi valt ut desse turmåla:

Askvoll:
Atløynipa
Olsetåsen
Furefjellet
Tingstusteinen
Liset/Nigardstølen

Fjaler:
Vidsyn
Pollaneset
Fredensborg
Høgevarden
Havreheia

Premiering

Alle som fullfører får ein premie ved innlevering av turkort, og du vert då med i trekninga av 3 gåvekort med ein verdi av 1000 kroner. I tillegg trekk vi eit gåvekort blant instagrambilete som er lagt ut med emneknaggen #titurdalsfjorden24 (hugs åpen profil). 










Registrering: 

Det vil vere raude postkassar med bøker du kan skrive deg inn i på toppane. Du kan og registrere deg ved å trykke "sjekkUT" i UT appen. Alle som fullfører skal fylle ut og levere TURKORTET. Du kan laste ned og printe ut eller hente ut fysisk på Sport Dale og på YX-stasjonen i Askvoll. 

Vi oppmodar om at du nyttar appen til www.ut.no for å sjå turane og registrere deg på sjølve toppen. Følg lista her eller søk TiTur Dalsfjorden 2024. "Sjekk inn" på appen når du når innsjekkingspunkta. (Når du har følgt lista finn du den att under huskelister -> lister jeg følger"). Lista er aktiv 1.mai - 1.oktober.

For å vera med i trekkinga må du ha vore på alle toppane. Deltakarar under 7 år: Må gå 5 toppar. Deltakarar opp til 13 år og over 67 kan heller ta til turar ekstra til eit par av dei lettare turmåla enn å gå dei høgste og lengste turane.

Følg gjerne TiTur Dalsfjorden på Facebook

Turkortet må leverast på YX bensinstasjon i Askvoll eller Dale innan 10. oktober 2024. Deltakarpremiane vert utlevert fortløpande mot innlevert, fullstendig utfylt turkort. Alle må ha kvar sitt turkort, og det kan berre leverast inn eitt kort per person. 

Spørsmål kan rettast til John Lien på tlf. 918 61 083.

God tur og ver flink å vise omsyn ved parkering!

Stolpejakten 2024

 

 

 

 

 


 




Startar 1. mai og er tilgjengeleg til 31. oktober. 

Stolpejakten er ein morsom aktivitet for alle og som er gratis å vere med på. Det går ut på å finne stolpar som er plassert ulike plassar i nærmiljøet. Dette kan vere på kjente tur- og trimløyper eller til flotte utsiktspunkt eller andre stadar. Stolpejakten er tilrettelagt for unge og gamle, uavhengig av funksjonsevne. Stolpejakten er blitt ein veldig populær aktivitet og i fjor var det over 1000 stolpejegerar som deltok i Askvoll og Fjaler. 

Registrering og poeng: 

For å få poeng for stolpane må du registrere deg med ein konto på stolpejakten.no eller laste ned Stolpejakten-appen. Du finn meir informasjon og kan registrere deg på denne sida. 

Eit stolpebesøk kan du registrere på app eller på nett. Ein vel sjølv kor mange stolper ein vil finne, men det er kjekt å ha oversikt over korleis ein ligg an. På Stolpejakten-appen kan ein følgje sin eigen progresjon, nivå og få ulike merker. 

Sjølve stolperegistreringa er enkel. På kvar stolpe er det ein bokstav-kode og ein QR-kode. For elektronisk registrering bruker ein Stolpejakten-appen for å skanne QR-koden på stolpen, og ved manuell registrering plottar du inn koden på kontoen din på Stolpejakten.no. 

Stolpar 

Det vert rundt 150 stolpar i Askvoll og Fjaler. Nokre stolpar er lette å finne, medan andre er meir krevjande. Stolpane har følgjande vanskelegheitsgrad:

GRØN – veldig enkel, kan nåast med sykkel, rullestol o.l.
BLÅ – enkel
RAUD – medium
SVART – vanskeleg

Om lag halvparten avstolpane er lette å finne, 25 % er middels vanskeleg og ca. 25 % krevjande. 

Løyper og kart i 2024

Det er fleire løyper rundt om i Askvoll kommune og det er tre ulike kart. To kart i Askvoll og eitt i Fjaler. Merk at dei to løypene i Fjalerstartar rundt 15. mai. 

Kart 1: Rivedal, Holmedal, Stongfjorden og Kvammen.  Til saman 53 stolpar. 
Kart 2: Værlandet, Bulandet,  Atløy og Askvoll. Til saman 70 stolpar. 
Kart 3: Straumsneset og Tysse/Fredensborg. Kjem rundt 15. mai. 

Premiering 2024

Det vert trekking av gåvekort blant deltakarane som bur i Askvoll og Fjaler. I tillegg vert det premiering til dei tre ivrigaste stolpejegerane som samlar flest poeng lokalt i løpet av året. 

God stolpejakt! 

Arve Åsnes
Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 27
Mobil 41 55 32 75