Kommunale vegar

Askvoll kommune har i overkant av 80 km kommunal veg. Om lag 52 km har fast dekke, medan resten har grusdekke.

Kva er kommunen sitt ansvar?

Kommunen har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar. Vestland fylkeskommune har ansvar for fylkesvegane, og Statens vegvesen har ansvar for riks- og europavegane

Trykk her for oversikt over kva vegar som er kommunale 

Teknisk drift har ansvar for sommar- og vintervedlikehaldet av dei kommunale vegane. Kommunen utfører noko av arbeidet sjølv og kjøper òg tenester frå private entreprenørar.

Spørsmål om vegvedlikehald

Har du spørsmål om vedlikehald av ein kommunal veg, eller ønskjer du å melde frå om eit forhold på vegen?

Kontakt Nils Ove Vetti på Nils.Ove.Vetti@Askvoll.kommune.no. Oppgi gjerne kva veg det gjeld, og kvar på vegen forholdet er

Nils Ove Vetti
arbeidsleiar driftssentralen
Telefon 57 73 07 28
Teknisk vakt (Vatn-og avlaup mm)
(døgnvakt)
Knut Helge Olsen
Kommunalsjef samfunn og teknikk
Samfunn og teknikk
Telefon 57 73 07 26