Startlån er ei kommunal låneordning for deg som ikkje får tilstrekkeleg lån i vanleg bank, og som har varige utfordringar med finansiering til eigen bustad.
Ordninga er behovsprøvd, og er retta mot dei som er vanskelegstilte på bustadmarknaden. Det er kommunen som behandlar søknaden og gjer vedtak.
Slik søkjer du:
Du søkjer startlån elektronisk via Husbanken:
Søk startlån i husbanken
Søknaden blir sendt til kommunen, som behandlar saka og gjer vedtak.
Du kan også ta kontakt med NAV Askvoll for rettleiing eller hjelp til å søkje.
Kva er startlån?
Startlån kan hjelpe deg med å:
- kjøpe bustad
- behalde bustad
- tilpasse bustad
Sjølv om Husbanken finansierer ordninga, er det kommunen som behandlar søknaden.
Kven kan søkje?
Du kan vere i målgruppa dersom du:
- ikkje får tilstrekkeleg lån i vanleg bank
- har stabil inntekt (arbeid eller varige ytingar) og evne til å betene lån over tid
- har behov for ein trygg og varig busituasjon
Som hovudregel må du bu i kommunen, eller ha hatt tilknyting over tid.
Også helsemessige, sosiale eller funksjonsmessige forhold kan bli vurderte.
Det er ikkje alle som får startlån. Kommunen gjer ei heilskapleg vurdering av behov og økonomi i kvar sak.
Kva kan lånet brukast til?
Startlån kan brukast til:
- kjøp av ein eigna bustad
- refinansiering for å kunne bli buande i bustaden
- utbetring eller tilpassing av bustad (til dømes på grunn av høg alder eller nedsett funksjonsevne)
I enkelte tilfelle kan lånet også brukast til oppføring av ny bustad.
Vilkår
- Lånet er behovsprøvd; det blir vurdert om annan finansiering er mogleg, og om lånet er nødvendig og føremålstenleg
- Du må ha evne til å betene lånet over tid, samstundes som du dekkjer andre nødvendige levekostnader
- Nedbetalingstida kan vere lang, i særskilde tilfelle opptil 50 år
- Lånet blir administrert av kommunen sin låneforvaltar
For hjelp med søknad:
Ta kontakt med NAV Askvoll dersom du har spørsmål eller ønskjer hjelp med søknaden:
- via nav.no
- telefon 55 55 33 33
Vi kan gi rettleiing og hjelpe deg med søknadsprosessen.
Les meir om ordninga og vilkår hos Husbanken:
https://husbanken.no/person/startlaan/