OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Kommunal utleigebustad

Du kan søke om å leige kommunal bustad om du ikkje klarar å skaffe deg ein egna bustad sjølv eller med annan offentleg hjelp. Kommunal utleigebustad er bustad utan særskilt tilrettelegging. 

Kven kan få tilbodet?

Føremålet med kommunale bustader er å hjelpe med å kunne busette seg i eigen bustad.

Grupper som vert prioritert er: Vanskelegstilte, flyktningar og tilsette i Askvoll kommune som treng ein mellombels bustad. 

Bustadene er lokalisert både i burettslag, sameige eller som sjølvstendig einebustader/tomannsbustader.

Alle kan i prinsippet søkje om å få leige mellombelsbustader, men det vert tatt ei streng behovsvurdering ved tildeling av denne type bustad.

Slik søker du 

Send e-post med søknad til postmottak@askvoll.kommune.no. 

Søknaden bør innehalde fylgjande: 

  • Namn, adresse og fødselsnr.
  • Kven søker du for? Har du born, familie, husdyr? 
  • Grunngjev kvifor søker om kommunal bustad.

Kor lang tid tek det å behandle søknaden?

Saksbehandlingstida kan variere, alt etter kor akutt det er med busituasjonen din. Ta kontakt med bygg- og eigedomsavdelinga dersom du har spørsmål. 

Bygg og eigedomsavdeling
E-post
Telefon 57 73 07 00
Til toppen