Følgjekort for personar med funksjonshemming

Har du ein langvarig funksjonshemning kan du søkje om følgjekort.

Kva er følgjekort?

Følgjekortet skal gje din følgjeperson gratis eller rabattert tilgang til ein del fritids- og kulturarrangement over store deler av landet. Følgjekortet er eit kort med namn og bilete som fortel at vedkommande er avhengig av å ha med seg følgjeperson.

Slik søkjer du:

Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
 

Søk om helse- og omsorgstenester


Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.


Papirsøknaden sender du til:

Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)

Kvar kan du nytte følgjekortet?

Ei rekkje institusjonar og arrangørar tilbyr gratis inngang eller billett til nedsett pris til følgjepersonen, mot at den funksjonshemma framviser følgjekortet. Ordninga sitt bruksområde er under stadig utviding.

Askvollheimen - Omsorgskontoret
Administrasjon
E-post
Telefon 57 73 45 00
Håvard Yndestad
Sosialkonsulent
E-post
Telefon 57 73 45 13
Mobil 91 13 59 69