Reguleringsplanar

Reguleringsplan er eit arealplankart med tilhøyrande føresegner som regulerer bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. 

Det er to typar reguleringsplanar: områderegulering og detaljregulering

Områderegulering

Områderegulering styrer utviklinga i eit større område. 

Detaljregulering

Detaljregulering er planar for mindre område, til dømes enkelte tomter. Både kommunen, privatpersonar, utbyggarar, organsisasjonar og andre myndigheiter kan kome med forslag til ei detaljregulering. Det er fagpersonar som arkitektar og arealplanleggarar som utarbeidar planforslaget. 

Finn reguleringsplan på nett

Det er no utarbeidd ei løysing som gjere til at ein kan sjå reguleringsplan på nett. For å finne reguleringsplan for Askvoll kommune, kan du følgje lenka under:

Reguleringsplan - arealplan

Lenka under viser kva reguleringsplanar som er under utarbeiding:

Reguleringsplanar under arbeid

Om du har spørsmål til planen, eller noko du ikkje finner, kan du ta kontakt med bygg- og eigedomsavdelinga. 

Kjersti Sande Tveit
Plan- og miljøvernleiar
Bygg og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 08
Andreas Rivedal
Avdelingsingeniør
Bygg og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 24