Det er to typar reguleringsplanar: områderegulering og detaljregulering
Områderegulering
Områderegulering styrer utviklinga i eit større område der det er behov for avklaringar, stor kompleksitet eller det kan vere mange ulike interesser som skal ivaretakast. Områderegulering blir i hovudsak utarbeidd av det offentlege.
Detaljregulering
Detaljregulering er planar for mindre område, til dømes enkelte tomter. Både kommunen, privatpersonar, utbyggarar, organsisasjonar og andre myndigheiter kan kome med forslag til ei detaljregulering, men alle må halde seg til kommunen sine overordna planar. Det er fagpersonar som arkitektar og arealplanleggarar som utarbeidar planforslaget.
Finn reguleringsplan på nett
Det er no utarbeidd ei løysing som gjere til at ein kan sjå reguleringsplan på nett. For å finne reguleringsplan for Askvoll kommune, kan du følgje lenka under:
Reguleringsplan - arealplan
Lenka under viser kva reguleringsplanar som er under utarbeiding:
Reguleringsplanar under arbeid
Om du har spørsmål til planen, eller noko du ikkje finner, kan du ta kontakt med bygg- og eigedomsavdelinga.