Dispensasjon frå plan

Det vil vere avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva føremål ein eigedom kan nyttast til. DErsom du ønskjer å dele frå, byggje eller bruke eigedomen til noko anna enn det arealplanane legg opp til, må du difor søkje om dispensasjon eller eventuelt reguleringsendring.

Det ligg føre ein arealplan for alle eigedomane i kommunen. Dette kan vere både overordna kommuneplan og lokal reguleringsplan. Planane viser korleis eigedomen din kan brukast, og er juridisk bindande. 

Ta kontakt med kommunen for opplysningar om gjeldande planar, eller sjå på kommunekart eller arealplan.

Dispensasjon er unntaket

Alle arealplanar har vore gjennom ein lang politisk prosess med overordna planlegging av området, med høve til medverknad frå naboar/grunneigarar og offentlege og private organisasjonar som har interesser i planen. Ein plan skal vere føreseieleg, slik at innbyggarane skal vite kva som gjeld i sitt område. 

Kommunen kan gje dispensasjon dersom:

  • Føremålet med arealplanen ikkje vert vesentleg sett til sides og
  • Fordelane ved å gje dispensasjon er klart større enn ulempene

Korleis søkje om dispensasjon?

Det er ikkje skjema for søknad om dispensasjon frå plan. Søknaden skal skrivast som eit vanleg brev. Frå brevet skal det gå fram kva det vert søkt om dispensasjon frå, og det skal grunngjevast. 
Dispensasjonssøknaden skal nabovarslast. Kontakt kommunen for naboliste. Søknaden skal vedleggast kartutsnitt som viser det aktuelle området, saman med kvitteringsliste for nabovarsling og opplysningar gjeve i nabovarsel. Dispensasjonssøknad kan søkjast samstundes som søknad om byggjeløyve/delingsløyve.

Sakshandsamingstid

Kommunen sin frist for handsaming av dispensasjonssøknader er 12 veker.

Fristen går ikkje medan saka eventuelt er til uttale hjå statlege og regionale styresmakter. Uttalefristen er på maks fire veker. Kommunen har også høve til å forlenge fristen.