Stongfjorden

Bu fritt og landleg i vakre Stongfjorden!

Bygda ligg vakkert til inst i Stongfjorden, berre 40 minutt med bil rett vest frå Førde. Bygda er godt eigna for dei som vil bu ved ein svært vakker fjord, oppleve rekreasjon og velvære kvar dag, men samstundes anten pendle nokre km til jobb eller starte si eiga verksemd. Det historiske Staveneset ligg berre 10 km lenger vest på nordsida av fjorden. Køyrer du mot Staveneset, men tek av mot nord etter ca. fem km, kjem du til den gamle kopargruvestaden Grimelia. Både i Grimelia og i Staveneset har du storhavet og Stavfjorden rett framfor deg, og Florø og Svanøy rett nord for deg. Ei fantastisk utsikt og oppleving i godvêr som i storm.

Stongfjorden var for over 100 år ein av dei første og viktigaste industristadane i Noreg, med Nord-Europas første aluminiumsverk. I dag husar bygda verksemder og kompetansemiljø innan geologi og rassikring, i tillegg til landbruk. Bygda har småbåthamn, tennisbane, sandvollevballbane og kjekke folk. Byggjefeltet er omgitt av vakker natur og området kan by på eit rikt utval av flotte fjellturar. Til kommunesenteret Askvoll tar det berre 12 minutt med bil.

  • Fantastisk utsikt
  • Barnevennleg område
  • Flotte turområde
  • Nær fjorden

Kommunale tomter i Stongfjorden

Det er fem ledige tomter i byggjefeltet (nr 2, 3, 4, 5 og 6). Tomtene ligg i svakt skrånande terreng vendt mot fjorden. Tomtene er relativt store (900 og 1250 m2) og kostar 100 000 kr. I tillegg til tomteprisen kjem tilknytingsavgift for vatn og kloakk, oppmålingsgebyr, tinglysningsgebyr og dokumentavgift. Frå byggjefeltet er det berre 150 meter til butikk med kafé, pub, post og bensinstasjon.

Sjå kommunekart for byggjefeltet. 

Bli med på ein uforpliktande visning. Her ser vi på tomtar, du kan stille spørsmål, og bli kjend med området.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Private tomter i Stongfjorden


Ei sentrumsnær tomt på Gbnr. 12/29 er til sals. Tomta ligg ved sida av parkeringsplassen til Stongfjorden grendahus. Tomta er på om lag 308 m2 og det er tilkopling til vatn i nærleiken og tilkopling til kommunalt avløp på tomta. 

Ta kontakt med
Arild Gjervik
Telefon: 97 15 74 62
E-post: gu-gjerv@online.no 

Arve Åsnes
Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 27
Mobil 41 55 32 75